Morgedal Multisport fylte ti år i 2016 og me startar dei neste ti åra med nye løyper og nytt start- og målområdet.
Morgedal Multisport skal framleis ha løyper som stiller krav til utøvaren, men me ynskjer å gjera dagen meir publikumsvenleg. Start og mål er flytta til Morgedal camping, og utøvarane både i Classic og Challenge vil ha mange passeringar slik at ein kan heie og fylgje med på plasseringar og utvikling i løpet.
Alle detaljar er ikkje på plass ennå, men utkast til ei utfordrande og spanande Challenge løype ligg klart.
Dato for Morgedal Multisport er 19. august 2017.