Torjus og Mikkel Hemmestveit

I 1881 starta Torjus og Mikkel Hemmestveit verdas fyrste betalte skiskule i Kristiania (Oslo). Begge reiser til USA, og via sine skiferdighetar blir dei kalla «The crazy Norwegians from the North Pole».

The crazy Norwegians
The crazy Norwegians

Den 10.januar i 1881 kan me lese i Aftenposten ei annonse:

Annonse Aftenposten
Annonse Aftenposten

En gammel Telemarking med 2 Sønner agter viss et tilstrækkelig Antal Medlemmer tegner sig at give Kursus i Skirend og fuldstændig Undervisning i Behandling af Ski, Isætning av vidjer etc.

Dette reknast som verda fyrste betalte skiskule og instruktørane var Torjus Hemmestveit (13. november 1860 -9.juni 1930) og broren Mikkel Hemmestveit (6. mars 1863 – 22.april 1957). Den gamle ”Telemarking” var faren Torjus (1826-1910) som hadde eit godt rykte som skimakar m.a. så vart skia hans premiera ved utstillingar inne i Oslo.

Heime i Morgedal

Torjus og Mikkel vaks opp på Nigard Hemmestveit i Morgedal og fekk sin skilærdom av Sondre Norheim (10. juni 1825 – 9. mars 1897). Sondre var aldri vanskeleg å be og kom han ikkje fort nok på sundagsmorgon for dei til Norheim for å hente han.

Sprøytehopp var det som var mest moro og ein vinter dei var 10-12 år gamle gjekk det frykteleg gale med Torjus. Han hoppa med stav, men landa på staven slik at han fekk eit frykteleg sår i ryggen. Skaden var så ille at faren måtte hente doktor seinare på natta. Broren Mikkel var veldig lei seg og han ville aldri meir hoppe på ski. Han fann fram furuskia sine og la dei på hoggestabben, heldigvis vart han stoppa. Etter nokre veker var Torjus på beina att utan seinare mein av skaden.

Vinteren etter var det på att, men ein ting hadde dei lært: Staven vart lagt vekk, i staden bruka dei ein liten pinne som dei kunne pirke ut klumpar frå sko og vidjebinding før dei hoppa. Men vanen med å ha noko i nevane var der; «Det mona om det bare var ein pinne» var utrykk etter Mikkel.

Skigutar frå Morgedal
Skigutar frå Morgedal

I Oslo

I 1879 er Torjus for fyrste gong med i Husebyrennet ( Oslo). Han deltek i yngste klasse «Det va eit hopp så lite, me blei aldeles mismota» fortel Torjus.

Seinare blir det fleire renn for Torjus og Mikkel og ikkje minst mange flotte premiar. I 1881 dreg Torjus og Mikkel med seg 70 par med ski inn til Christiania (Oslo) og startar opp med skiskulen andre veka i januar. I tillegg til å lære telemarksvingar og telemarknedslag fekk dei og opplæring i å vedlikehalde ski og bindingar av faren Torjus Hemmestveit. Det blir fleire skiskular denne vinteren. 5. februar blir Husebyrennet arrangera og i Aftenposten 13. februar finn ein ei annonse der 1. premie vinnar Aasmund Vetlesen Brekke og 5. premie vinnar Sveinung Svalastoga annonserar at dei skal ha skiskule.
Jentene eller damene fekk undervising ved Dietrichsons Løkke, Ullevoldveien 49. Ein journalist skriv dette om det han opplever:

«Skisporten antagelig om ikkje lang Tid vil blive ligesaa yndet Sport af Damene som Skøitesporten».

Gutane eller herrene fekk sin undervising i ”Bakkene nord for Professorbyen, nord om Gamle Aker Kirke”. Her var det litt meir utfordrande terreng , det var i desse bakkane at Sondre Norheim hadde vist sine kunster 3 år tidlegare.

Skidag i Morgedal 1860
Skidag i Morgedal 1860

Torjus og Mikkel er fleire gonger inn til Husebybakken og kjem tilbake til Morgedal med fleire fyrstepremiar og kongepokalar. 1888 vart eit godt år for Torjus. 5-6. februar vinn han kombinertkonkurransen i Huseby. Fredag og laurdag blir nytta til å gå opp løypa som er ei runde av 25 kilometer. Sundag 5.februar møter det opp 36 deltakarar og Torjus vinn på tida 2.07.24, ca tre minutt før nr to. Dagen etterpå måndag 6.februar er det hopprenn og eit innfløkt reglement frå langrennet dreg dei med seg ulike tillegg inn i hopprennet. Torjus er og den beste her og vinn kongepokalen.

Dagen etter, tysdag 7. februar blir verdens fyrste 50 kilometer arrangert. I november 1887 kan ein lese dette:

Viss veiret ikkje er til hinder afholdes det tidlegere averterte 50-kilometer-rend den 7.februar 1888 ved Kristiania. 1ste præmie er 400 kr. i guld skjænket af en privatmand( konsul Axel Heiberg). 2den præmie 8 kr. og 3dje præmie 50kr. opstillet af Foreningen. Deltagerne må have fyldt det 21de år.

Det var 32 påmeldte, men det var 17 som deltok. Torjus Hemmestveit vinn på den sterke tida 4.26.30, nummer to vert Peder Eliassen frå Løiten på tida 4.28.48.

Til USA

Torjus (1888) og Mikkel Hemmestveit (1886) reiser begge to til Amerika. Skia har dei med seg og dei deltek på skirenn og skishow. I tillegg drive dei med skiinstruksjon så ein kan godt sei at dei levde av skisporten i periodar.

«Br. Hemmestveit giver nu opvisinger på ski over i Amerika, The crazy Norwegians from the North Pole, the Skycrasher og Torjus Hemmestveit farer i luft og sky, men står lige radt 103 fod», er referat frå aviser me finn om Torjus og Mikkel. Med sitt hopp på 103 fod langt og 36 fod over bakken blir Torjus kåra til Champion of the World, same tittel som Mikkel fekk to år tidlegare for sitt hopp på 102 fod.

Hemmestveit fra Amerika
Hemmestveit fra Amerika
Red Wing Skiclub
Red Wing Skiclub

Mikkel flyt heimatt til Morgedal i 1894 og overtek garden Suigard Kallåk. Torjus blir verande på farmen sin Red Riverdalen i Minnesota. 1928 fekk begge to Holmenkollmedalja og major Qvale (Skiforeningen) seier m.a. dette i sin tale:

«Hemmestveitenes fremtreden blev en mektig løftestang til fremme av skiidretten. De var i det hele tatt forgrunnsfigurene i all norsk, for ikkje å si verdens, skiidrett på den tid».

Torjus og Mikkel Hemmestveit markerar skilje i norsk skiløyping. Det byrja å bli hardtråkka bakkar og vidjebindingar på furuski utan render og hudsko var ikkje det rette utstyret for lange hopp. Ei ny tid var på gang.

Torjus Hemmestveit i svevet
Torjus Hemmestveit i svevet