Norsk Skieventyr

Norsk Skieventyr er ein naturleg stad å stoppe langs E134. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom norsk ski- og polarhistorie og ikkje minst god, heimelaga mat på Innsvingen Kafé.

Inngong
Inngong
Polarutstilling
Polarutstilling

Utstillinga

Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip, sjå utstyret og historia til bl.a. Andreas Håtveit og Terje Håkonsen, og til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Opningstider og prisar finn du her

Stoga inne
Stoga inne
Terje Håkonsen snøbrett
Terje Håkonsen snøbrett

Kafé og souvernirutsal

I sesongen er det souvenirsal og det er matservering med spennande menyer med rettar av lokale råvarer. Vi tilbyr også selskapslokaler og catering.

Matbord
Matbord
Mat-detalj
Mat-detalj

Det store suvenirutsalet har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal.

Det er gratis internett-tilgang for dei som gjerne vil sjekke korleis det står til heime.

Fakkel sommar
Fakkel sommar

Olympisk eld

Utanfor Skieventyret, ute i tjønna, flammar framleis den olympiske elden. Elden blei tent første gongen her i Morgedal føre Dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

Fakkel i snø
Fakkel i snø

Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Omvisarar står til disposisjon for enkeltpersonar eller grupper som gjerne vil ha fleire detaljar og større innsikt i soga om Morgedal og dei personane som ”la låmi” for den moderne skisporten.

Les meir om Sondre Norheim her.

Velkommen til Norsk skieventyr – starten på eit innhaldsrikt besøk i Morgedal!