Historia

Sondre Norheim var ein fattig gardsarbeidar, født i 1825 i Morgedal, der snøtunge vintrar gjorde ski til eit naturleg framkomstmiddel og ein del av kvardagen. Morgedølane nytta ski når dei skulle gjeste grannen, gå på jakt, hente ved i skogen og for i det heile å ta seg fram i djupsnøen i det bratte terrenget.

Sondre Norheim
Sondre Norheim

Sondre, ein dugande handverkar og ein velbygd kar, skulle koma til å endre folks syn på kva skiløyping skulle vera. Han gav skiene ei utforming som sette utøvaren i stand til å meistre bakkane som aldri før. Han laga også ein ny hælbinding (telemarksbindingen) som heldt skia fast til foten.

Hopp i gamledagar
Hopp i gamledagar

Skiløyping blei virtuositet, og med det nye utstyret og ein nesten ”overnaturleg dugleik” viste han ski-kunststykke som ingen hadde sett før. Skiløyping slik Sondre utvikla det, blei leik og kunstnarleg utfalding. Rundt Sondre voks det i 1860-åras Morgedal fram ein skikultur som i historisk perspektiv er blitt legendarisk.

Skiløyparar i gamledagar
Skiløyparar i gamledagar

Sondre og følgjesveinane hans gjekk på ski den 200 km lange vegen til Kristiania (Oslo) for å konkurrere og vise kva dei var gode for. I skirennet var morgedølane heilt overlegne, og folkemengda som samla seg for å sjå på, stod som fjetra. Dei hadde aldri sett slik skikunst før, det var som ei openberring.

Gutane frå Telemark hadde skapt ski-feber, og ryktet om dei spreidde seg snøgt. Det var frå Morgedal dei kom, ambassadørane som drog til Oslo og starta verdas første skiskule. Deretter fór dei til Amerika og ut i Europa med sine nye ski og ein ny teknikk.

Staseleg skiløypar
Staseleg skiløypar

Skiløyping blei ikkje lenger berre ein måte å ta seg fram på. Skiene blei nå eit middel til leik og moro. I pur glede sette dei utfor, gjorde lange hopp og stoppa ikkje før dei nådde botnen av den snøkledde dalen. Med morgedølane i spissen tok skiløypinga steget over i den moderne skisporten. Utøvarane leita seg fram til den ekte skigleda, gleda over å gli på ski gjennom glitrande silkesnø…

Visste du at:

  • Sondre Norheim frå Morgedal gjorde hælbindingen og innsvingen (carving) på ski kjent over heile verden.
  • Morgedølen Olav Bjaaland var med i teamet til Roald Amundsen som dei fyrste som når Sydpolen i desember 1911.
  • Verdens fyrste skiskule vart arrangera i Kristiania av brørne Mikkel og Torjus Hemmestveit ifrå Morgedal i 1881.
  • Ordet slalåm som i dag er ei internasjonalt ord kjem opprinneleg ifrå Morgedal. Sla betyr hellande terreng og låm betyr spor.
  • Kristianiasvingen (sving med parallelle ski) kjem ifrå Telemark. Dette var ein av to svingar Sondre Nordheim bruka under skirennet på Iversløkken i 1868.
  • Namnet Telemark kjem ifrå Thyle eller Thule etter namnet til ein konge med namn Thule.
  • Før vinter-OL i Oslo i 1952 var det ikkje tent olympisk eld. Den fyrste vinterolympiske eld vart tent på Øverbø, Sondre Norheims fødestad, til OL i Oslo 1952.
  • I Heritage Park i Minot, Nord-Dakota er Sondre Norheim heidra med statue og Eternal Flame Monument. Dette er et monument som symboliserer at Sondre gav verden skisporten.

Sondre Norheim

Sondre Norheim-statue
Sondre Norheim-statue

Husmannen frå Morgedal som blir kalla «far til den moderne skisport». Født i dei bratta bakkane i Morgedal i 1825, og døydde på prærien i Nord Dakota i 1897.

Les meir om Sondre Norheim

Olav Bjaaland

Olav Bjaaland
Olav Bjaaland

Olav Bjaaland var skiløpar og skimakar frå Morgedal. Han vann kongepokal i 1902, og 14. desember 1911 var Olav saman med Roald Amundsen og resten av den norske ekspedisjonen, dei fyrste som nådde Sørpolen.

Les meir om Olav Bjaaland

Torjus og Mikkel Hemmestveit

Torjus og Mikkel Hemmestveit
Torjus og Mikkel Hemmestveit

I 1881 starta Torjus og Mikkel Hemmestveit verdas fyrste betalte skiskule i Kristiania (Oslo). Begge reiser til USA, og via sine skiferdighetar blir dei kalla «The crazy Norwegians from the North Pole».

Les meir om Torjus og Mikkel Hemmestveit

Historia om den vinterolympiske elden

Historia om den vinterolympiske elden
Historia om den vinterolympiske elden

Fredag 15. februar 1952 vart den olympiske elden tent til Vinter-OL i Oslo. To dagar før den offisielle opninga i Oslo, vart tyrifakkelen tent i gruva på Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født i 1825.

Les historia om den vinterolympiske elden