Skimaking

Har du lyst til å teste deg sjølv i løypene etter Sondre Norheim med skiutstyret som han utvikla for meir enn 150 år sidan, eller har du lyst på eit par pynteski til å ha på veggen? Morgedal Ski kan hjelpe deg med begge delar.

Nye og gamle bindingar
Nye og gamle bindingar

Skitradisjon

I Noreg og i andre delar av verda har ski vore eit transportmiddel gjennom fleire tusen år. Folk nytta ski når dei skulle på jakt, og dei bruka ski når dei skulle arbeide. Skia var ofte tunge, dei hadde ulik fasong og var ofte festa til foten berre med eit vidjeband eller ei lærreim over framre delen av foten.

Harald hoppar
Harald hoppar

Sondre Norheim

Sondre Norheim, født i Morgedal i 1825, var ein ”frikar” på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar og artist, hadde han den innovative eigenskapen til å utvikle skiutstyret. Ønsket om å meistre dei vanskelegaste uvyrdsløypene og hoppe dei lengste hoppi gjorde at Sondre utvikla ski og bindingar som er modell for dagens ski. Hælbinding og innsving på skia vart til av hans dyktige hendar. Dette var med på å legge grunnlaget for den moderne skisporten slik me kjenner han i dag.

Opplev skimakartradisjonen

I Morgedal kan du oppleve denne unike skimakartradisjonen slik han var for meir enn 150 år sidan. Terje og Tarjei i Morgedal Ski produserer dei originale telemarkskia lik dei som Sondre laga og løypte på. Med desse skia på beina kan du teste deg sjølv i dei historiske løypene rundt omkring i Morgedal.

I januar 2015 hadde me besøk av to journalistar frå National Geographic. Dei laga sine eigne ski og etterpå gjekk turen til Jotunheimen.

Det finst ikkje større skioppleving enn å stå på skia som revolusjonerte skisporten og som vart til ein idrett spreidd over heile verden.

Kanskje ønsket ditt ikkje er å teste deg sjølv som Sondre, men at du heller vil ha eit skipar å hengje på hytta eller i peisestova?

Morgedal Ski har flotte ski som vil vera som eit lite kunstverk på veggen. Ønskjer du ski med eit eige særpreg, gjer me det i samråd med dykk.

PRISAR PÅ SKI

  • Ask/furu 180 cm – 220 cm kr. 3000,-
  • Pynteski 100 cm, enkeltski frå kr 650, par kr. 1300, med plate kr. 1400,-
  • Ski med gravering, pris etter avtale

Har du lyst til å lage dine eigne treski og sjølv skape ditt særpreg på havet (tuppen på skia) slik dei ulike skimakerane hadde, så har me kurs.

Lagar ski med øks
Lagar ski med øks
Skitupp
Skitupp
Høvlar ski
Høvlar ski
Bruk av øks i verkstaden
Bruk av øks i verkstaden
Binding i verkstaden
Binding i verkstaden

Ta kontakt for meir info om kurs

Me har ulike variantar som me kan tilby:

E-post: post@skimaking.no 
Tlf: 95 24 13 15

Test av gamle ski
Test av gamle ski
Binding
Binding