Historia om den vinterolympiske elden

Fredag 15. februar 1952 vart den olympiske elden tent til Vinter-OL i Oslo. To dagar før den offisielle opninga i Oslo, vart tyrifakkelen tent i gruva på Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født i 1825.

Det var sørpolfarar Olav Bjaaland som tente den fyrste vinterolympiske fakkelen 13. februar i 1952. Frå Morgedal til Oslo vart ruta delt opp i 92 etappar, og det var Egil Nansen, barnebarn av Fridtjof Nansen, som hadde siste etappa inne på Bislett.

Les meir om historia

Historia om bakgrunnen til Vinter-OL, og ikkje minst Morgedal sin rolle med tanke på den vinterolympiske elden kan du lese meir om her. Vi takkar Halvor Kleppen for hans bidrag til historia.

  1. Starten på Vinter-OL
  2. Den fyrste fakkelstafetten frå Morgedal
  3. Meir OL-eld frå Morgedal
  4. Fakkelstafett Noreg rundt, Lillehammer-OL 94