Kva er Multisport?
Multisport, som har sitt opphav frå New Zealand, blir definert på denne måten:
«A family of athletic competitions in which athletes race in a series of stages or «legs», and must rapidly switch from one athletic discipline to another in order to achieve the best overall time. Most multisport events are endurance races, consisting of aerobic activities such as cycling, running, kayaking and cross-country skiing.» – Wikipedia
Generell info
I multisport er det ikkje eit absolutt fokus på at alle disiplinane skal ha den same intensiteten, og dermed være «like», men det handlar om å tolke landskapet.
Konkurransereglar
Alle kan vera med, både store og små kan finne sin konkurranse som passar for sitt ambisjonsnivå. Det er tre ulike nivå som ein kan delta i, og ein kan stille individuelt eller som lag.
Mountain Challenge
Dette er Multisport Morgedal hardaste konkurranse. Terrenget er til tider veldig bratt og røft, så her får du satt styrke og kondisjon på ei god prøve, men det er og mange flotte naturopplevingar.
Les meir om Mountain Challenge
Morgedal Classic
Denne løypa er fyrst og fremst designa med tanke på dei som har lyst til å prøve multisport for fyrste gang, for barn og ungdom eller for den som ynskjer å teste seg sjølv.
Morgedal Mini
Ei flott løype for dei minste, øvre aldersgrense er 11 år (året du fyller). Start og målgang er på same plass som resten av konkurransane.
Program 2018
Både start og målgang er på Morgedal camping.
Tidene kan bli litt endra når me har kvalitetsikra dei nye Challenge-løypene.
Resultatlister
Påmelding
Multisport Morgedal 2018 blir laurdag 18.august.
Påmelding kan du gjere her.
Sponsorar
Utan gode samarbeidspartnarar hadde ikkje Multisport Morgedal eksistert. Vi takkar alle våre sponsorar for økonomiske bidrag og hjelp til gjennomføring av arrangementet.