Vellykka 10-årsjubileum for Ordalsåta Opp

På toppenMange tok turen til toppen av Ordalsåta (1137 moh) sundag 18. juni. Det var den tiande utgåva av Ordalsåta Opp som Morgedal IL gjennomførte med stil.

Det var størst deltaking i trimklassa og dei yngste testa i tillegg kunnskapen med ein innlagt quiz mot toppen. I år var det ei ekstra lang løype, ca 13 km, før ein starta med klatringa mot toppen. Ei krevjande løype med fleire tunge, våte myrområder gjorde det til ei skikkeleg styrkeprøve.

Raskaste mann var Odd Ivar Medhus frå Røldal, medan Ingjer Kleiv frå Vinje vann kvinneklassa.

I den vanlege løypa var det Karl Magnus Mangerud frå Flatdal som var raskast og juniorjenta Inger Holm som spring for Morgedal IL.

For fleire resultat, sjekk her.

Det var òg internasjonal deltaking. Sandy Grosse, som er oldebarn av den kjente skiløparen Torjus Hemmestveit. Ho hadde med seg familien for å sjå kor Torjus budde i Morgedal før han flytte til Amerika.

Mange kosa seg både på toppen og nede ved Nystaulvatnet.