God innsats frå utøvarane som deltok på årets Multisport 19. august. Det vart favorittseier til Brita Cecilie og Per Gunnar Mustad frå Langesund triatlon.
Start og mål var flytta til Morgedal camping og det var god stemning på den flotte, publikumsvenlege arenaen. Som vanleg på Morgdal Multisport starta ein med kajakk på Morgedalstjønni før ei etappe med sykkel og til slutt løping.
Bilde frå arrangementet finn du på Morgedal IL si FB-side
Mountain Challenge hadde i år nye løyper og totaltida var lengre enn tidlegare løp. Spesielt løpedelen var tøff med harde motbakkar og utfordrande nedstigningar. Årets erfaring er at løpinga blir lagt om til 2018.
Brita Cecilie Mustad vann sin sjuande seier medan Per Gunnar Mustad tok sin sjette seier.
Morgedal Classic er konkurransen for dei som ynskjer å teste multisport. Raskaste mann var Jens Baumann, Frimelderlosjen IF medan Maren Cecilie Mustad frå Langesund triatlonklubb i juniorklassa var raskast av kvinnene.
Morgedal Mini er ein konkurranse for framtidige multisportutøverar, her var det full fart frå start til mål.