Lansering av Morgedalsløypa

Sundag 13.september blir det lansering av Morgedalsløypa, historieformidling heile året.

Tidspunkt: Sundag 13. september kl. 13

LANSERING AV MORGEDALSLØYPA

Gjennom sumaren har VTM i samarbeid med sentrumsprosjektet i Morgedal v/Tarjei Gjelstad utvikla ei utandørs formidlingsløype. Tema er naturleg nok Morgedalshistoria, med vekt på skihistorie, husmannskultur og Bygglands-smeden. Løypa består av fleire skilt og ein app-basert digital formidling.

Me presenterer løypa på ei utandørs tilstelling som startar framfor Norsk Skieventyr i Morgedal. Me skal gå langs løypa frå vogga til campingplassen, og vidare opp til Øverbø – fødestaden til Sondre Norheim. Under og etter turen er det mogleg å kjøpe kaffe, kake og svele på Skieventyret. Ta med mobil og last gjerne ned VTM-appen i forkant.

Du får tak i appen ved å søke på «Vest-Telemark Museum» i GooglePlay eller AppStore, skanne QR-koden på eit av skilta eller sende ein sms til 26112 med teksten «SOMEONE VTM» og få tilsendt ei lenke.

Velkomen!