Gubberenn i Nordskogbakken

Laurdag 4.mars 2023 blir det gubberenn i Nordskogbakken i Morgedal.

Vest-Telemark Gubbelag og Fillebygdi Skiflygarlaug inviterar til årets gubberenn i Nordskogbakken laurdag 4.mars 2023. Aldersgrense er frå 20 – 100 år.

Det er treski og plastski klasse (må ha laus hæl). Me oppmodar damur til å stille!

Den moderne skisportens vogge

Klasseinndeling:
Rekrutt og gutongeklasse 20 -39 år
Unggubbeklasse 40 – 49 år
Viubandklasse 50 – 59 år
Tåbandklasse 60 – 69 år
Hudskoklasse 70 – 79 år
Vikingklasse 80 år +
Gjesteklasse for dei som kjem utanfor Vest Telemark
Unnarennklasse

Påmelding frå kl. 10.00 i Nordskogbakken på renndagen. Betaling kr. 70 lisens, 200 kr medlemskap til Vest-Telemark Gubbelag og 230 kr deltakaravgift. Vipps til 705132 eller med bankkort ved påmelding.

Gubberenn

Prøvehopping frå kl. 10.00 – 12.00
Start 1.omgang kl. 13.00. Det er tre omgangar der dei to beste er teljande.

Premiar og pokalar skal delast ut. Ein oppmodar til spektakulære påfonn og stilfulle klede for å hevde seg som kandidat til den tradisjonelle «Damenes Pokal».

Det blir sal av grillmat i bakken.

Etter rennet blir det årsmøte på Morgedal hotell kl. 17.00 og fest. Det er ingen påmelding til årsmøte og festen.

Spillemann Ole Arne Hestvik spilar opp til dans.

Det blir servert middag på Morgedal hotell for dei som ynskjer det. Pris pr. pers. kr. 240 betalast direkte til hotellet. Bindande påmelding direkte til hotellet innan 26.februar.

Etterpå blir det fest på hotellet.

Me håpar på mange deltakarar og stort publikum med flagg, bjøllur og godt humør. Alle er hjartleg velkomne til festsalen seinare på kvelden
Spørsmål rettast til rennleiar Harald Lauvik Gjelstad tlf. 48226690, e-post: haraldgjelstad@gmail.com eller leiar i Vest Telemark Gubbelag Ole Vidar Moen tlf. 41316785.