Velkomen til Morgedal Multisport 18. august 2018

Laurdag 18. august er det klart for den 12. utgåva av Morgedal Multisport. Me fortsett suksessen frå 2017 med start og mål på Morgedal camping.

Påmelding gjer du her:

Løpedelen for Morgedal Challenge (lang løype) blir endra. Padlinga er som i 2017 på Morgedalstjønni med start og mål på Morgedal camping. Veksling for sykkel og løping vil skje på Morgedal camping og deltakarane vil kome innom Morgedal camping mange gonger. Det gjer at publikum kan lettare halde seg oppdatera.

Morgedal Classic og Morgedal Mini har små endringar i løypene frå 2017.

Les alt om løyper og konkurransen her.

På Morgedal camping vil det vera speakerteneste og det blir servering av mat, kaffe og drikke. Vi tar imot kort både ved påmelding og kjøp av mat.

Dusj, svømmebasseng og badstu er på Morgedal hotell.

Ynskjer du å overnatte har du mange mogelegheitar. Sjekk tilboda her.

Sykkel Morgedal Multisport