NM-suksess for arrangørklubbane Morgedal og Skarphedin

I tillegg til eit flott gjennomført arrangement vart det to gull og ei bronse til arrangørklubbane.

NM-arrangementet vart gjennomført på Haukelifjell skisenter 6-7. januar 2018. Morgedølen Kristian Lauvik Gjelstad vann gullmedalje både på laurdagens parallell og sundagens sprint. Ane Hemmestad Sunde frå medarrangør Skarphedin køyrte inn til bronsemedalje på parallellen og fjerdeplass på sundagens sprint.

Kristian i skøytedelen

Bilete frå NM-helga kan de sjå her

Resultat NM parallell laurdag

NM18_parallell alle klasser

Resultat NM sprint sundag

NM18_sprint_alder

NM18_sprint_herrer

NM18_sprint_kninner

Pressemelding frå arrangørklubbane

Tre NM-gull til Telemark under årets NM i telemarkskøyring

Denne helga var Noregs beste telemarkskøyrarar samla i Telemark på Haukelifjell skisenter. Senior Amund Møster Haugen, Fjellguten,  tok gull i herreklassa på sundagens sprint. I vindkasta køyrte han to gode omgangar og vann framfor Hagahogget (Asker) sin løpar Henrik Buck Bryn. På laurdagens parallell køyrte han inn til sølvmedalje bak Sivert Hole, Åndalsnes.

Kristian Lauvik Gjelstad, Morgedal,  gjorde reint bord i herrer junior med seier både på laurdag og sundag. På parallellen vann han finalen mot Tor Kjetil Alstad, Eidsvåg IL. På sundagens sprint var han suveren og vann med god margin framfor Bækkelaget sin løpar Jakob Alveberg.

Både Amund og Kristian reiser tysdag 9. januar til Frankrike for å køyre World cup.

Ane Hemmestad Sunde har eit års erfaring som junior og ho køyrte til bronsemedalje på laurdagens parallell og fjerdeplass på sprint sundag.

I juniorklassa (17-21) deltok det også to fyrsteårsjuniorar frå Morgedal IL, Maja Ek Brynilsen og Brage Osen Gjølberg. Begge gjorde ein god innsats i dei sterke juniorklassene.

For dei yngste var det rekruttrenn og i 15-16 årsklassa var det hovudlandsrenn. I dei yngre klassene deltok dei fleire løparar frå Morgedal IL og Skarphedin IL med masse god køyring og stor innsats.

Arrangørklubbane Morgedal og Skarphedin oppsummerar helga med kaldt og strålande vintervær og gode bakkeforhold på laurdagens parallell, medan vinden gjorde konkurransen litt meir utfordrande på sundagens sprint. Haukelifjell skisenter stilte opp med og la forholda godt til rette for arrangementet og sponsorane la grunnlag for eit imponerande premiebord. Tilbakemeldingane frå løparar og støtteapparat var veldig positive.

Neste oppgåve for dei fleste av telemarskøyrarane frå Telemark er NC i Asker i februar.