Velkomen til Sondre`styrkeprøve og Sondre sin bursdag

Morgedal IL, Norsk Skieventyr og Kantina til Bjaaland inviterar til bursdagsfeiring laurdag 10.juni.

Program for dagen:

Sondre Norheim elska å teste seg og finne nye utfordringar i terrenget. Nå kan du teste deg sjølv, på Sondre sin bursdag 10.juni blir Sondre`s styrkeprøve arrangera for fyrste gong.

Sondre`s styrkeprøve er ein blanding av hinderløype, balanse, løping og testing av ulike element. Det blir både åling, klatring og kanskje litt søyle.

Arrangementet blir arrangera i sentrum av Morgedal, start og mål er ved gapahuken i Hotellbakken. Parkering er ved bui eller på parkeringa ved Norsk Skieventyr.

Sondre`s styrkeprøve har tre klasser og løyper som er tilpassa aldersgruppene:

  • 3 – 6 år ( må ha hjelp av voksen)
  • 7 – 10 år
  • 11-12 år

Alle får premie og i tillegg er det trekkepremie på startnummer.

Kr. 50 i for å delta, gratis for medlemmer av Morgedal IL.

Påmelding på førehand til tarjei@morgedal.com eller på dagen fram til kl. 12.00.

Startidspunkt:

Kl. 12.00: 3- 6 år

Kl. 12.30: 7 – 10 år

Kl. 13.00: 11 – 12 år

Vidare program , start kl. 14.30

Sondrebautaen vart sett opp i 1925 som ei gåve til bygda Morgedal frå Foreningen for Skiidrettens Fremme. I desse dagar har steinen blitt for flytta for tredje gong og historia om steinen og flyttingane vil bli fortalt.

Fløtninganlegget har opna så her vil det vera mogeleg å teste fløtning og andre aktivitetar.

Kantina til Bjaaland serverar mat. Det kjem litt an på været men her vil det bli barnetilpassa meny.

Takk til sponsorane

Dyrud Elektro, Skorve, Viking Bygg, Kviteseid Rør, Telemark Godslinjer