Vandring og skihistorie på Øverbø

Fredag 27.august blir det «skihistorisk vandring» frå Norsk Skieventyr til Øverbø, staden der Sondre Norheim, far til den moderne skisport vart født.

På Øverbø møter me Rannei, kona til Sondre, framført av Hæge Manheim. Ho vil fortelje om livet med Sondre og korleis det var å vera fattig husmann midt på 1800 – talet. Saman med Hæge er det lokale ungar som spilar barna til Rannei og Sondre.

På vegen opp til Øverbø vil Tarjei Gjelstad vera kjentmann og fortelje om Morgedal si rolle i å utvikle den moderne skisporten.

Du treng ikkje gå heile turen, du kan parkere i krysset til Bjålandsgrendi eller på toppen av Bjålandsgrendi. Start frå Norsk Skieventyr kl. 17.00. På Øverbø startar programmet kl. 19.00. Arrangementet er gratis. Det blir sal av kaffe og kaker på Øverbø.

Vi har ikkje kortautomat men tar VIPPS.

Vel møtt

Styret i Norsk Skieventyr