Treskifestival 2. – 4.februar 2024

Fyrste helga er det klart for treskifestival i Morgedal. Det blir ei helg der me testar treski og sjekkar ut Morgedalsheia flotte turterreng.

Program treskifestival 2.- 4. februar 2024:

Fredag 2. februar:

Her er me avhengig av når folk kjem og interessa. Kjem tilbake til dette når me ser påmeldingane.

Oppmøte og mat på Norsk Skieventyr frå kl. 18.00

Omvising på museum kl. 20.00

Brygging av maltøl har lang tradisjon i Morgedal. Kl.21.00 blir det foredrag om brygging og smaksprøve av lokalt maltøl frå Morgedal

Laurdag 3.februar:

Topptur til Morgedalsheia/Hovundvarden. Her er det mange moglegheiter både for lange og korte turar, slake og bratte nedfartar og bålkos. Felles avreise frå Morgedal kl. 09.30. Oppmøte Norsk Skieventyr.

Dagen avsluttast med ein felles matbit og sosialt samvær. Dette blir på Haugen hjå Terje (som i 2023).

Sundag 6.februar:

Me fylgjer Sondre sine skispor. Tur til Øverbø der Sondre Norheim vart født og skileik i Morgedal sine bakkar.

Overnatting treskifestival

Morgedal gjestehus – FB –

Booking

Morgedal hotell

Morgedal hotell FB

Morgedal camping

Privat hytte – terje.n.haugen@nenett.no

Pris for helga får me kome tilbake til når me har ein oversikt over antal og kven som blir med på dei ulike aktivitetane.

Medlemskap kr 200

VIPPS 134007

Konto 2320 18 89154

Påmelding SMS 95241315 Tarjei