Ti – toppar 2024

I samarbeid med dei andre idrettslaga i Kviteseid og Kviteseid turlag har me plukka ut ti flotte turmål i Kviteseid.

Logo ti toppar 2024

2024 vil vera fyrste året vi arrangerer Ti-topparen Kviteseid. Registreringsperiode vil væra 01. april – 09. september.

Ti-Topparen vil vere eit tilbod til turinteresserte i alle aldre, og er meint som eit trimopplegg for trivsel og velvære. 

Dette er årets toppar: 
1. Hægefjell             6. Næring
2. Roholtfjell            7. Brokefjell
3. Venelifjell             8. Kongsbergdam
4. Fagerliheii            9. Ordalsåta
5. Ånås                    10. Kastedalsskotet

Premiering for 10 ulike toppar for vaksne, og 7 ulike toppar for barn. Du kan registrere turen din på skjemaet som du finn i brosjyra. Det blir lagt ut brosjyrar på Joker, Straand Hotel og Handelslaget cafe i Vrådal, Kiwi og Kviteseid Bok og Papir i Kviteseid, Morgedal Hotel og Norsk Skieventyr i Morgedal.

For å delta i konkurransen, må du fylle ut skjemaet og levere innan 23. september til Kviteseid Bok og Papir.

Årets logo er laga av Sonja Bakken Braun, og er motivet på premien.  

Kart og skildring av kvar topp finn du på denne nettsida, i UT-appen og informasjonsbrosjyre. Her finn du informasjon om kvar topp, samt ei beskriving av sjølve turen. Bruker du Ut-appen lager du ein brukarprofil, og kan i tillegg sjekke inn via SjekkUt når du kjem til toppen. 

Les meir på Kviteseid turlag si side om Ti-topparen

Last ned Ti-toppar brosjyre her

Oversiktkart Ti-toppar 2024