Rekordløp i årets Ordalsåta Opp

Det vart ikkje bare ein ny rekord, men heile tre nye rekordar vart sett under årets Ordalsåta Opp.

Det var Skarphedin IL sin Marianne Roe som imponera mest. Den unge jenta knuste den gamle rekorden til Ingjer Kleiv med over to minuttar. På den våte og delvis glatte 4 km lange stien som har 518 høgdemeter motbakke, brukte Marianne 33:18.

Ny rekord på Marianne Roe

Blant herrane var det junior Bård Olav Medhus, Røldal IL som var raskaste av alle på tida 30:09.

Ny rekord vart det i den ekstra lange løypa også, Morten Lunde, Skade IL, sprang dei 13 km på tida 1:37:25.

Ny rekord lang løype

Den siste rekorden var i jenteklassa 12-16 år, her var det Morgedal IL sin eigen Ingerid Vadder som sette ny rekord med tida 24:45. Guteklassa vann klubbkamerat Daniel Pedersen på tida 24:10. Løypa her er 2,8 km og 394 høgdemeter.

Ny rekord på Ingerid vadder

Ingen rekorddeltaking, ca. 50 personar tok turen opp til den 1137 moh høge toppen.

Bilete finn de på Morgedal IL si FB-side

Resultat Ordalåta Opp 2018