På Sondre Norheims bursdag 10. juni 2019 var det offisiell opning av verdas største vogge.
Sondre Norheim er far til den moderne skisporten og Morgedal er kjent som den moderne skisportens vogge. Symbolet skisportens vogge har lang tradisjon og nå har bygda Morgedal òg fått eit synleg bevis på sin posisjon. Verdas største vogge er bygd i tradisjonell stavlaft konstruksjon og måler 3*6 meter.
Ordførar Tarjei Gjelstad stod for den offisielle opninga. I tillegg var det bursdagskake og underhald som dei 90 frammøtte kosa seg med i finværet.
Vogga skal stå open heile året og inne i vogga blir det informasjon om bygda. Vogga er ein del av eit større prosjekt. Frå vogga skal det bli ein opplevingssti fram til Morgedal camping. Prosjektet skal vera ferdig i 2020.


Program for 10.juni 2019:
Kl. 18.00: Frammøte ved vogga
Song ved Ågapet
Offisiell opning ved ordførar
Kaffe og kake/is og brus til ungane
Ragnar Haugstøl fortel skrøner og historier
Avslutning ved Ågapet
Info om det vidare arbeidet i prosjektet v/prosjektgruppa
