OL-elden

Fakkelstafettane frå Morgedal

Tre gonger har OL-fakkelen blitt tent her i Morgedal, nærare sagt på Øverbø, staden der Sondre Norheim blei fødd. Det var i 1952 (til vinter-OL i Oslo), i 1960 (til vinter-OL i Squaw Valley, California, USA), og i 1993 (til vinter-OL på Lillehammer). Flammen på steinvarden i Morgedalstjønni minner om dette.

Den fyrste vinter-OLelden 

Ved sida av hoppbakken i Garmisch Partenkirchen i 1936 brann den olympiske elden fyrste gong ved eit vinterolympisk arrangement. Alt frå sommarleikane i Amsterdam i 1928 hadde ein tatt opp denne tradisjonen frå antikken, og i 1936 fekk OL-elden innpass i vinterbyen Garmisch Partenkirchen. Vinterleikane dette året må vi sjå i nær samanheng med sommarleikane i Berlin sommaren 1936. Der hadde OL-leiaren Carl Diem fått gjennom at det skulle tennast ein eld i Olympia i Hellas. Fakkelen skulle førast til Berlin i ein stafett gjennom dei største byane Sofia, Beograd, Budapest, Wien, Praha og Dresden, før den til slutt kom fram til opningsseremonien i Berlin. Men elden til vinter-OL i Garmisch Partenkirchen vart ikkje henta frå Olympia, den vart tent opp på plassen. 

Etter krigen var det også tent ein eld ved vinter-OL i St. Moritz, men det var fyrst til OL i Oslo 1952, at den fyrste stafetten med OL-fakkelen vart ein viktig seremoniell opptakt til vinter-OL. 

Ideen om fakkelstafetten frå Morgedal kom frå morgedølen Olav Bjaaland. Saka vart drøfta og vedteke alt i 1948. Det viktige med vedtaket var at IOC ikkje hadde nokon merknad til dette. At det sto med små skrift at denne fakkelen «ikke var noen olympisk ild som skulle bringes fra Morgedal til Oslo, men en fakkelhilsen fra den moderne skiløpings arnested…», vart velvillig oversett av alle. Det var OL-elden som vart tent og frakta på ski frå Morgedal onsdag 13. februar 1952 klokka ti. 

Sørpolfararen Olav Bjaaland tente tyrifakkelen i gruva til Sondre Norheim på Øverbø i Morgedal. Den fyrste fakkelløparen var Olav Hemmestveit, tredje generasjon skiløpar frå Hemmestveitfamilien. Frå Morgedal til Oslo var ruta delt inn i 92 etappar, og alle fakkelberarane fekk behalde den vakre stålhaldaren fakkelen var sett ned i. Faklane var tyske, laga av Deutsche Feuerwerke, og dei brann villig i vind og ver i løypa mot hovudstaden.

Skiforeningens Major Qvale heldt tale ved Sondre-bautaen i Morgedal, og ferda gjekk så til Seljord og over fjellet til Hjartdal. Nye fakkelberarar tok fakkelen vidare til Kongsberg der den gjorde ein stopp i heimen til OL-kongen Birger Ruud. Birger låg heime med broten fot og fekk ikkje gå med fakkelen, men Morgedalfakkelen brann lystig inne i stova til Birger likevel! 

Fakkelstafetten gjorde også ein stopp ved bautaen over Thorleif Haug i Drammen, og deretter bar det vidare inn mot hovudstaden. 

Fredag morgon 15. februar gjekk fakkelen frå Bærum via det som var att av forløparen til Holmenkollbakken, Husebybakken. Der var det ein liten seremoni før dei siste etappane inn mot Bislett Stadion og opningsseremonien for vinter-OL i Oslo. 

Den kjente skiløparen Lauritz Bergendahl bar fakkelen inn Maratonporten på Bislett. På isen stod Egil Nansen, barnebarn til Fridtjof Nansen, klar til å ta den siste ærefulle etappen rundt heile banen. Vel tilbake ved Maratonporten tok Egil skia av, klatra opp trappene og heldt fakkelen over den spesiallaga store skåla der elden skulle brenne heilt til avslutningen ti dagar seinare. At dette berre var ei «fakkelhelsing» frå Morgedal, var det ingen som tenkte på. Jubelen steig i det den olympiske eld frå Morgedal loga opp.

Meir om OL-elden til Cortina, Squaw Valley, Innsbruck og Lillehammer

1956: Cortina d`Ampezzo, Italia: Fakkel frå Roma

Italienarane var heller ikkje interesserte i ein gresk eld til vinter-OL i Cortina d`Ampezzo i 1956. Dei tente sjølve elden i Roma, og sendte den i ein stafett til Dolomittene via dei største stadene i landet.

Den olympiske meistaren frå utforrennet på Norefjell fire år tidlegare, Zeno Colo, løypte med fakkelen ned fjellsidene i skibakkane inn mot OL-byen, der ein skøyteløpar bar fakkelen fram til tenning på stadion. Seremonien var den fyrste som blei overført i fjernsyn, og elles blir leikane hugsa som dei fyrste der Sovjetunionen var med. 

Tilbake til topp

1960: Squaw Valley, USA: Fakkel frå Morgedal

Få månader før vinter-OL skulle opne i Squaw Valley i California i februar 1960, kom det ein førespurnad til Morgedal om dei kunne hjelpe til med ein OL-eld til USA frå gruva på Øverbø. Morgedølane sa sjølvsagt ja, og på kort varsel laga dei ein triveleg, men enkel seremoni i Morgedal.

Etter programmet i Morgedal blei fakkelen denne gongen frakta i ein open bil til Oslo. Der blei elden ført over i ei lita lampe som blei tatt om bord i SAS-flyet som gjekk i rute til Los Angeles. Flyet hadde fått eigen dekor, «Olympic Flame Carrier» og elden frå Morgedal kom trygt fram til den amerikanske vestkysten. 

Frå Los Angeles vart fakkelen frakta i fleire etappar til OL-byen Squaw Valley. Der hadde Walt Disney skapt dekorasjonar i is og snø. Disney hadde også ansvaret for opningsseremonien.

Dette var dei fyrste «kompakte» leikane der alle øvingane gjekk føre seg innanfor eit lite område. Opningsseremonien vart halden på skøytebanen i dalbotnen og Ken Henry frå USA, som vant 500 meter på skøyter i Oslo i 1952, hadde sjarmøretappen fram til tenninga av elden. 

Den store tavla med alle nasjonsmerka frå 1960 står framleis ved innkjøringa til «the Olympic Valley». Framleis brenn OL-elden framfor tavla, men det er nok usikkert om det er den originale flamma frå Morgedal som framleis brenn der! 

Tilbake til topp

1964: Innsbruck, Austerrike: Fakkel frå Hellas

Dette vart det fyrste vinterolympiske arrangementet med ein OL-eld tent i Olympia i Hellas.

Leikane i Innsbruck var lenge truga av snømangel etter varm fønvind og mildver. Då leikane opna med seremoni i Bergisel-bakken, hadde militære mannskap sanka tusenvis av kubikkmeter sno inn i dei olympiske anlegga. 

OL-fakkelen blei floge inn frå Olympia, og frå flyplassen i Innsbruck bar ein stafett av skiløparar OL-elden opp til stadion. Frå nå av blei alle OL, både vinter og sommar, forsynt med eld etter gresk tradisjon. Dette var tradisjon heilt til OL på Lillehammer i 1994. 

Tilbake til topp

1994: Den store fakkelstafetten til Lillehammer-OL

Fakkelstafetten frå Morgedal til OL på Lillehammer i 1994 blei ei over to månader lang triumfferd frå landsende til landsende. Med Posten og Statoil som arrangørar, vart heile landet dratt med i den førolympiske jubelbrusen. Etter 350 år med postombering i Noreg, var fakkelstafetten det største «transportoppdraget» i Postens historie. Truleg også det mest morosame. OL på Lillehammer vart ein samanhengande publikumssuksess, mykje av årsaka ligg i den folkelege entusiasmen som blei bygd opp i kjølvatnet av fakkelstafetten. 

27. november 1993 vart fakkelen tent i gruva på Øverbø, og prinsesse Martha Louise førde elden ut av stova til Sondre Norheim. Utanfor Norsk Skieventyr var folk samla til folkefest, og med Åshild Lofthus, Knut Tore Apeland og Atle Skårdal som dei fyrste fakkelberarane, vart det ein vakker seremoni og eit flott program. Kulturministaren Åse Kleveland snakka varmt om OL-elden frå Morgedal, og klokka 1330 for fakkelen ut av bygda på si 74 dagar lange ferd mot Lillehammer. 

Fyrste overnatting fekk fakkelen i Bø, deretter bar det vidare til Kongsberg, Drammen, Tønsberg, Skien, Risør og Arendal. På den åttande dagen mellom Arendal og Kristiansand var det 108 entusiastar på etappen, og då fakkelen kom fram til Lillehammer 12. februar 1994, hadde over 7000 nordmenn hatt ein etappe på fakkelstafetten. Elden frå Morgedal hadde lagt bak seg 8 000 kilometer då den var vel framme i OL-byen. Der sto storebror til prinsessa, kronprins Haakon Magnus klar til å tenne elden på sletta i Lysgårdsbakken. Før kronprinsen fekk fakkelen hadde Stein Gruben hoppa med fakkelen i hoppbakken. I heile verda sat folk som fjetra over den vakre seremonien. 

Greske styresmakter reagerte negativt på den norske fakkelstafetten frå Morgedal. I eit opprivande møte mellom dei to kulturministarane Melina Mercuri og Åse Kleveland ved juletider 1993, vart ein samde om at det også skulle koma ein eld frå Olympia, og at det var denne som skulle brenne på Lillehammer. Kleveland snakka ikkje lenger om «OL-fakkelen frå Morgedal» men støtta nå ein fakkel frå Hellas. Elden frå Morgedal var redusert til ei «Helsing». Men Gerhard Heiberg støtta Morgedal og truga med å trekke seg frå OL-jobben! Fakkelen frå Hellas var eit stort vonbrot for Morgedal, og folk i Telemark gav Gerhard Heiberg si støtte då han truga med å trekke seg. Saka var ikkje så viktig, men det vart sett pris på Heibergs lojale støtte i denne tida. 

Mange rykte dukka opp etter OL om kva som eigentleg brann på Lillehammer. Same korleis ein ser det: den 74 dagar lange fakkelstafetten frå Morgedal er det mest omfattande landsdekkande kulturtiltak i norsk historie. Lokalsamfunn over heile landet la arbeid ned i å presentere det beste dei hadde av kulturkrefter. Den brusande entusiasmen som kvar dag møtte fakkelberarane vart den beste opptakten til den store OL-festen på Lillehammer. Kva som brann på Lillehammer er dermed ein pyroteknisk bagatell som kjem heilt i skuggen av det flotte arrangementet. 

Tilbake til topp