Kastedalen

KASTEDALSKOTET – verdas fyrste off-pist løype

Meisterlåma til Sondre Norheim gjekk ned Kastedalskotet. Denne løypa kan ei trygt kalle verdas fyrste off-pist løype eller uvyrdslåm som dei sa på den tida. Terrenget rundt Kastedalen er det vakraste og villaste i bygda og byr på ufser og store steinar å hoppe frå.

Bakgrunnen for denne løypa er at ein vinterkveld då Sondre og Talleiv Kastedalen kom frå tømmerhogst, stoppa dei på kanten og såg nedover dei bratte liene ned i Kastedalen.

Då fekk dei det for seg at no var tida inne for å løyoe ned Kastedalskotet, ein utfordring dei hadde prata lenge om.

Sjå korleis det gjekk i denne filmklippen:

Frå filmen «Sondre Norheim fra Morgedal»


-Sko me løype her, sa Sondre.
-Tør du løype fyri så legg eg etter, svara Talleiv.
Sondre stakk øksi ned attom trøyekragen, retta på skibandi og sikta upp leidi nedigjennom.
-Pass på du høgg deg kje, sa Talleiv.
-Pass på du skyt deg kje, svara Sondre, for Talleiv bar børsa, og la utivi.
Komne ned til husi på Kastedalen laut Talleiv leggje seg, men Sondre leg det stande til utivi brattaste skotet nedom husi og ned Moskjei. Då skii mest ikkje rann lenger, gjorde han eit hopp ende upp og huva. Talleiv hadde kara seg uppatt og kom løypande etter. Og endå var han kar.
– Det sko ingen skjeibindar te løype forbi meg, sa han.

Klikk her for turinfo til Kastedalskotet

Klikk her for meir om Sondre i Setesdalen