Husmannen

HUSMANNSPLASSAR I MORGEDAL

Busetnaden i Morgedal er gamal. Her har det budt folk i hundre, ja, tusinde av år. Dei hev slite og streva og bala — fyrst i veideskog og ulende, på fisking og flakking i heid og høgd. Seinare hev dei rudt skogen, snudt torva og laga seg åkrar og enger i bakkehell og sud-vendte åsdrag. Dei fyrste gardane låg høgt. Dei var store med tindi rundt i kring i nøgda av naturherlegdomar som me no på mange av gardane saknar.

Dette sitatet er frå Plassesoga i Morgedal, skrive av Aslak Bergland og gjeve ut i 1937.

Les meir frå forordet her!

I 2011 fekk plass-soga ny drakt, og alle plassar som er omtala blei kartfesta.

Ein dugnadsgjeng leita seg fram til hustuftene. Nesten alle vart funne. Der hustuftene ikkje var å finne, fann ein rydningsrøysar og merke etter gamle åkrar.

På dette kartet kan du sjå eit utval plassar frå Bjålandsgrendi rett framfor deg. Nokre av dei er knytt til historia om Sondre Nordheim (1825-1897), skisportens far.

Utvalde plassar i Bjålandsgrendi

Songen om husmannen

I kveldsol eg ser han, når alt andar fred
og åsane blånar så blide,
då fuglane tirlar sin lovsong frå tre,
til Gud for den dag som hev lide.

Då stend han der bøygd yver arbeidet han
og bryt upp den steinute jord,
og kveldsoli smiler til ivrige mann
og signar hans strev utan ord.

Og stend inga støtte og stend inga stein
i dag over husmannens grav,
so har han lell herlegste minne den svein
i arbeidet som han oss gav.

Dei blenkjande blad og dei skjelvande strå
som bårar på nybrote hans
er gildaste minnestein han kunde få.
Kvar blomen ein ærefull krans.

Torstein Børte

Høyr diktet her:

Frå forordet til Aslak Bergland: Plassesoga i Morgedal, 1937

Dei fyrste gardane låg høgt. Dei var store med tindi rundt i kring i nøgda av naturherlegdomar som me no på mange av gardane saknar. So hev gardane vorte utstykka — me får mange med same namn — Uppigard, Midtstog, Suigard o.s.f. Attåt det kjem ei rekkje med plassar og leigeheimar som me no ikkje hev anna att av enn namnet, nokre tufter, åkerteigar og røyser som fortel soga til plassen på sin måte.

Gjer me ein rundtur i bygdi til alle desse attlagde heimane, skynar me snart at det hev kosta mot og arbeidsvilje å få dei rudde. Det var kanskje ein onnekar på garden som kom i tankar um å gifte seg. Eller ein yngre son som ville take til på eige hand. So bygsla han eit stykke uti skogen, betala ein liten sum i bygslepengar, fekk pliktarbeid på garden i slåtten og skurden og bygde seg so ein heim so godt han såg seg råd til i fristundene elles. Han hadde mot og tru, ei god helse, ein god arbeidsneve og ei gjente i hugen.

Ein dag rauk det av den nytimbra stova, ein annan dag flutte kjerringi inn, og litt lenger uti leksa kom den førstefødde til verdi. Ein heim var grunnlagd med ærlegt arbeid, med tru på framtidi og von um signing. Og det blei på jamnan koselegt i plassestova um det enn kunde vera småsamt og armt mange gonger.

Dette er no ei tid som er fari. Ingen bygslar jord lenger, ingen byggjer seg heim i villmark og ur og sår rug i sokka og styvde lider. Me eig’kje mot til det me som treng statstilskot til alt mogeleg. Men det er eit stort spursmål um ikkje dei folk som då streid seg gjennom livet med all sin armodsdom — um ikkje dei var vel so lukkelege og nøgde som me. Ein husmann frå gamal tid var ein adelsmann og ingen proletar — ein stasmann i hug og hått. Ein stabbe til kar i si vesle stove.

Tilbake til topp