|
 Å lage ski
Morgedal har ein solid tradisjon også når det gjeld å lage ski. Ikkje minst Olav Bjaaland som både visste å lage ski og å bruke dei, noko som gjorde han til eit uvurderleg medlem av den norske ekspedisjonen som slo Scott i kappløpet om å koma først til Sydpolen. Skimakar-tradisjonen lever den dag i dag, og dei originale ski-typane frå Morgedal blir framleis laga.
Fleire opplysningar her for dei som er interesserte i å lære meir eller lage sine eigne "Original Morgedal".
|