|
 Skiinstruksjon
Ingen stad ligg betre til rette for å lære seg telemarkskøyring enn nett her i dalen der sporten oppstod. Me kan mønstre eit lag av instruktørar som brenn for Morgedal og telemarksløypinga. Me tilbyr instruksjon i telemarkskøyring og ingenting anna, men trur at akkurat det gjer me ganske bra!
Morgedal er ein liten stad, anlegget er ikkje stort og ski-shop'en vår er beskjeden - men dersom du går for ei vennleg, ikkje-kommersiell tilnærming og ein spesiell start på telemarkskøyringa di, la oss få lov til å lære deg den elegante snuen i vinter.
Sjå prislista for vinter 2010.
|