|

Morgedal Hotell
Morgedal Hotell er eit familiehotell, tufta på gamaldags gjestevenskap. Hotellet vart opna 2. juli 1948 med røter heilt attende til 1935. I gamle dagar var det vanleg at reisande folk fekk husly på gardane og dette vart etterkvart ei kjærkomen attåtnæring til gardsdrifta. Slik var det også på Nigard Brekke der dei ofte måtte stille barnerom til rådighet for folk som trong ei overnatting. Hotellet er bygd ut i fleire omgangar i takt med publikums veksande krav til komfort og service. Hotellet var det fyrste i landet som fekk oppvarming med bio-energi. Tradisjon, kvalitet og hyggeleg atmosfære er hotellets varemerke. Hotellet er i dag eit moderne, men samtidig intimt hotell. Mesteparten av den særdeles stabile arbeidskrafta er bygdefolk, som gjer at hotellet har ei hyggeleg og heimekosleg stemning. Ei oppredd seng står ved inngangen til hotellet for å symbolisere at det var her i desse traktene at den moderne skisporten blei til. Og rett utafor dørstokken inviterar naturen til skiglede - akkurat slik den lokka Sondre Norheim for meir enn 100 år sidan. Dersom du bare vil slappe av kan du nyte eit bad i symjebassenget med badstover og solarium. Vårt kjøkken kan by deg på god tradisjonsrik norsk kost, og det er festsal/bar med dans til orkester 6 kveldar i veka. Aktivitetar for dei fleste behov er å finne i nærområdet. Hotellet ligg rett ved E-134 i "hjartet av Telemark" sentralt både for Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.
Morgedal ligg langs E-134 og er ein naturleg stoppestad mellom aust og vest
Thanks for making Morgedal a memory we will always treasure in our hearts!
- Guest comment USA
Velkomen!
Hotell Galleri
|