|

Morgedal camping
Morgedal camping ligg idyllisk til ved Morgedalstjønni omskransa av gamalt kulturlandskap der skipioneren Sondre Norheim leika seg i dei bratte bakkan.
Hjå oss kan både store og små finne fred og ro, skjerma frå dei store turistmassene. Her kan du boltre deg i frisk luft og vakker natur!
I ”tjønni” kan du bade, ro, padle og fiske. Der er mykje fisk, aure og abbor. Du kan fiske med stong eller leige eit fiskegarn å sette ut. Bygda har eit rikt plante- og dyreliv. Tek du ein padletur i kveldinga ser du kanskje beveren, og elgen er også lettast å treffe på i skumringa. Her er flott turterreng enten du tek deg ein tur til fots eller leiger ein sykkel. Utsikten frå Øverbø, Sondre Norheim sin fødestad, er fantastisk.
Campingplassen ligg på ei naturleg grasslette der det er god plass til å bevege seg og leike fritt. Sletta vart brukt som slåtteeng fram til 1968. Fra den tid har familien Bjåland drive campingplass der, og det er svært triveleg å sjå at gjester frå den første tida framleis besøker oss.
Vest –Telemark har eit godt og variert aktivitetstilbud, og Morgedal er eit fint utgangspunkt for dagsturar. Morgedal ligg langs E-134 og er ein naturleg stoppestad mellom aust og vest
- Danmark
- Norge
Camping Galleri
|