
















Morgedal drift og vedlikehald ASMorgedal Drift og Vedlikehald AS (MDV) vart stifta i 2004. Firmaet tek på seg oppdrag innan vedlikehald, reperasjon og ettersyn av hus og bygningar. Me har god erfaring og gode referansar. MDV har ansvar for ettersyn, vedlikehald og teknisk drift av Morgedal Hotell. Me har og ansvaret for det utvendige vedlikehaldet som grøntanlegg, snorydding og strøing. Me har ansvar for all kommunal strøing i Morgedal.MDV fekk i 2005 Bygdeutviklingsprisen i Telemark. Som eit pilotprosjekt starta MDV opp eit bioenergianlegg som leverar varme til Morgedal Hotell. Biovarme er miljøvenleg energi som hentar råstoffet ifrå skogen. MDV hentar råstoffet av biprodukt ifrå lokalt sagbruk og ryddingsvirke ifrå kulturlandskapet. Dette virke vert flisa opp, flisa blir tippa i ein silo og transportera inn i ein omn som varmar opp vatn. Dette varme vatnet gjev romoppvarming, varmt basseng og varmt vatn til dusjar og kjøkken på Morgedal Hotell. MDV har erfaring med restaurering arbeid. Me har levera all takspon som vart bytta ut på Eidsborg stavkyrkje, totalt ca 18 000 stk. MDV er no i gang med å levere takspon til Borgund stavkyrkje. MDV har flishoggar til utleige og me kan ta på oss oppdrag innan rydding i kulturlandskapet. For meir info kontakt:
|