• Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow

the_valley_winter.jpg

Velkommen til Morgedal, Telemark – skisportens vogge

Morgedal finn du i Vest-Telemark, i Kviteseid kommune, og du vil snart sjå at bygda er lykkeleg skåna for den ”overutviklinga” ein kan møte i andre reiselivsmetropolar. Morgedal er prega av eit aktivt jordbruk, og derfor ligg alt til rette for å oppleve nærkontakt med kvardagen i ”Mor Noreg”. Det bur berre om lag 250 menneske i bygda, men samhaldet er sterkt, og der finst fleire lag og arbeidsgrupper som virkar for bygdas beste. Lokale dugnadsdagar er populære, og så å seie heile bygda møter fram med høveleg reiskap for å hjelpe til med å gjera grenda rein og ryddig. Den lokale butikken leverer ikkje berre daglegvarer, men er også ein møtestad der folk gjerne tek seg tid til å slå av ein prat og høyre siste nytt.

Morgedal er frå naturens side forma som eit amfiteater, der den sentrale delen er dominert av ein liten innsjø med bratte åsar ikring, oftast snøkledde i vintermånadene. Morgedalstjønni ligg på 430 m.o.h. og med dei omkringliggjande åsane og fjella opp til 1100 m, så bygda får derfor eit typisk innlandsklima med kalde og stort sett snøsikre vintrar og tempererte somrar.

Dagens Morgedal har fleire små og mellomstore verksemder, og på denne nettstaden kan du lese om dei nære samarbeidspartnarane Norsk skieventyr, Skare Gard, Morgedal Hotel og Morgedal Camping. For å få fyldig informasjon om andre lokale tiltak klikk på desse lenkene:

skreppa.jpg tradition-build.jpg henrik.jpg

Skreppa

Morgedals eige flatbrødbakeri – som produserer Noregs eldste brødtype.
- Sjå Skreppa si nettside

Tradisjonsbygg

Norsk kvalitetshandverk.
- SjåTradisjonsbygg si nettside

Team Development

Arbeidsplass-trening, kurs og vidareutdanning med Henrik Skovdal.
- Sjånettsida til Telemark Team



Add this page to your favorite Social Bookmarking websites
Digg! Reddit! Del.icio.us! Google! Facebook! StumbleUpon! Twitter!

Back to Morgedal Home