• Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow

ski-lift.jpg Informasjon om skibakker i Morgedal

Du finn skibakken bokstaveleg talt rett utanfor hotellet. Skiheisen blir køyrt i eit alpinanlegg på om lag 500 meter og med ein høgdeskilnad på drygt 100 meter. Dette er eit lite, men triveleg familieanlegg med fleire ulike løyper og spor ned gjennom skogen. Her er også tilknyting til løypenettet for den som vil på skitur. Anlegget er ideelt for dei som vil lære å stå på ski eller snøbrett. Rett ved alpinløypa er det ein akebakke. Heile familien er velkommen til å slå seg ned på rasteplassen (med open eldstad) i botnen av anlegget, der ein har godt utsyn til dei ulike aktivitetane.
• Sesongstart truleg laurdag 3. januar. Dersom nok snø - fram til og med påsken.
• Skianlegget er ope i tida 10 - 16 (seinare etterkvart som sola stig) kvar laurdag og sundag og kvar tysdag frå kl 14.00. Dersom aktiviteten er stor og interessa tilsvarande, kan anlegget bli opna også til andre tider.
• Sjå fullt oversyn over 2009-prisane her.
• Sesongkort er eit godt tilbod - i sær for familien. Pris for enkeltperson er kr 600 - familieprisen er 600 kr for familiemedlem nr 1, 500 for nr 2, 400 for nr 3 og så gratis for dei øvrige. Alt i alt 1500 kr per familie.

Program for vintersesongen 2009

Skitrening: Det blir trening kvar tysdag frå kl 14. Flott for ungar som vil øve seg og for dei som vil prøve seg i lokale skirenn. Gratis for MIL-medlemer (kom tidleg dersom du vil låne utstyr). Elles 50 kr per samling for ungar (15 og yngre) og 100 for vaksne.

Skirenn: Det blir arrangert tre renn sponsa av Telenor utover vinteren. Alle som vil, er velkomne til å bli med. Gratis for MIL-medlemer - startkontingent kr 50 for andre. Konkurransane blir haldne:

• Sundag 18. januar
• Sundag 22. februar
• Sundag 22. mar

 

 



Add this page to your favorite Social Bookmarking websites
Digg! Reddit! Del.icio.us! Google! Facebook! StumbleUpon! Twitter!

Back to Morgedal Home