• An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow

Sommarkonsert på Øverbø

Laurdag 7. juni, ein vakker sommarettermiddag, feira Morgedal Utvikling, Morgedal IL og Norsk Skieventyr Sondre Norheims fødselsdag med eit arrangement på Øverbø.  Dyktige songarar og musikarar framførte kabareten ”Ski-legenden Sondre Norheim” – ei framsyning i Sogeland-serien – med tekst av Olav Mosdøl og musikk av komponist og gitarist Gisle Krogseth.

summer-crowd.jpgForfattar og regissør Mosdøl hadde lagt ned eit stort arbeid i å omskape Sondres liv for scenisk framføring, og eit publikum på rundt 120 fann vegen opp bakkane og fekk oppleve ein stemningsfull sommarkveld. Berre eit fåtal valde å bli med på dansen etterpå, men dei som blei verande, hadde ein fin kveld.

Alt i alt ei spennande og innhaldsrik fødselsdagsfeiring. Takk til alle som kom og sette farge på Sondres dag! Ein spesiell takk til Morgedal IL-medlemene som ofra både tid og ressursar for å få arrangementet i hamn. Dette blir eit årleg tiltak, så til dei som ikkje blei med oss i år.


Sjå til at du blir med i 2009!



Add this page to your favorite Social Bookmarking websites
Digg! Reddit! Del.icio.us! Google! Facebook! StumbleUpon! Twitter!

Back to Morgedal Home