|
 Ski Telemarklaug (STL)
Ski Telemarklauget (STL) er ein stifting - etablera i 2001 med det formål å utvikle telemarksporten.
I perioden 2001 – 2004 var STL hovudsponsor for telemarklandslaget.
Avtala var eit viktig bidrag til at Noregs Skiforbund og FIS har lagt fleire viktige telemarksrenn til regionen. Sidan lauget sjølv ikkje står som arrangør, er ein heilt avhengig av positive og dyktige arrangørar gjennom lokale idrettslag.
I dag er Fjøllguten fast arrangør av World cup i telemark og skal i 2011 arrangere VM. I 100 års jubileumet til NSF i 2008, arrangera Morgedal IL NM, eit vellukka arrangement som vil bli ei årleg rennhelg framover, Morgedalsleikane.
På Bjorli blir det arrangera World Cup og det er fleire Noregs Cup renn i både telemark og fjelltelemark landet rundt.
Hovudsatsingområdet for STL vil framover vere:
- STL skal stø opp arrangørar av telemarksrenn og rekruttere barn og ungdom til telemarksporten.
- STL skal marknadsføre telemarksporten lokalt og nasjonalt og bevisst bruke telemarknamnet som ein link tilbake til fylket sporten har henta namnet ifrå.
- STL skal passe på nasjonalt og internasjonalt at uttrykket telemark vert bruka og at ikkje free heel vert namnet på sporten.
STL skal som verktøy arrangere ein årleg konferanse med namnet Telemarknedslaget. Telemarknedslaget skal vera eit nærings-, utdannings- og kulturforum. Telemarknedslaget skal samle politikarar, næringsinteresser, utøvarar/arrangørar av telemarksporten samt andre gode samarbeidspartnarar til ein årleg konferanse det telemarksporten og Telemark som fylke vert sett i fokus.
STL vil etablere ”Telemarksportens venner” ein venneorganisasjon som kan stø opp om telemarkssporten og som kan vera med å utvikle denne sporten vidare.
Sekretariatet for Telemarkkonferansen, Telemarksportens-venner og STL er Norsk Skieventyr i Morgedal. Kontakt oss for meir info
|