• Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow
  • Morgedal Slideshow

Historikk

Sondre Norheim var ein fattig gardsarbeidar, født i 1825 i Morgedal, der snøtunge vintrar gjorde ski til eit naturleg framkomstmiddel og ein del av kvardagen. Morgedølane nytta ski når dei skulle gjeste grannen, gå på jakt, hente ved i skogen og for i det heile å ta seg fram i djupsnøen i det bratte terrenget.

Sondre, ein dugande handverkar og ein velbygd kar, skulle koma til å endre folks syn på kva skiløyping skulle vera. Han gav skiene ei utforming som sette utøvaren i stand til å meistre bakkane som aldri før. Han laga også ein ny hælbinding (telemarksbindingen) som heldt skia fast til foten. Skiløyping blei virtuositet, og med det nye utstyret og nesten ”overnaturleg dugleik” viste han ski-kunststykke som ingen hadde sett før. Skiløyping slik Sondre utvikla det, blei leik og kunstnarleg utfalding. Rundt Sondre voks det i 1860-åras Morgedal fram ein skikultur som i historisk perspektiv er blitt legendarisk.

Sondre og følgjesveinane hans gjekk på ski den 200 km lange vegen til Kristiania (Oslo) for å konkurrere og vise kva dei var gode for. I skirennet var morgedølane heilt overlegne, og folkemengda som samla seg for å sjå på, stod som fjetra. Dei hadde aldri sett slik skikunst før, det var som ei openberring. Gutane frå Telemark hadde skapt ski-feber, og ryktet om dei spreidde seg snøgt.

Det var frå Morgedal dei kom, ambassadørane som drog til Oslo og starta verdas første skiskule. Deretter fór dei til Amerika og ut i Europa med sine nye ski og ein ny teknikk. Skiløyping blei ikkje lenger berre ein måte å ta seg fram på. Skiene blei nå eit middel til leik og moro. I pur glede sette dei utfor, gjorde lange hopp og stoppa ikkje før dei nådde botnen av den snøkledde dalen. Med morgedølane i spissen tok skiløypinga steget over i den moderne skisporten. Utøvarane leita seg fram til den ekte skigleda, gleda over å gli på ski gjennom glitrande silkesnø…

Her i  trivelege Morgedal kan du også gjenoppdage den ekte, originale ski-gleda.



Add this page to your favorite Social Bookmarking websites
Digg! Reddit! Del.icio.us! Google! Facebook! StumbleUpon! Twitter!

Back to Morgedal Home

 

Veit du at:

  • Sondre Norheim frå Morgedal gjorde hælbindingen og innsvingen (carving) på ski kjent over heile verden
  • Morgedølen Olav Bjaaland var med i teamet til Roald Amundsen som dei fyrste som når Sydpolen i desember i 1911.
  • Verdens fyrste skiskule vart arrangera i Kristiania av brørne Mikkel og Torjus Hemmestveit ifrå Morgedal i 1881.
  • Ordet slalåm som i dag er eit internasjonalt ord kjem opprinneleg ifrå Morgedal. Sla betyr hellande terreng og låm betyr spor.
  • Kristianiasvingen (sving med parallelle ski) kjem i frå Telemark. Dette var ein av to svingar Sondre Norheim bruka under skirennet på Iversløkken i 1868.
  • Namnet Telemark kjem ifrå Thyle eller Thule etter namnet til ein konge med namn Thule.
  • Før vinter OL i Oslo i 1952 var det ikkje tent olympisk eld. Den fyrste vinterolympiske eld vart tent på Øverbø, Sondre Norheims fødestad, til O L i Oslo 1952.
  • I Heritage Park i Minot, Nord Dakota er Sondre Norheim heidra med statue og Eternal Flame Monument. Dette er eit monument som symboliserar at Sondre gav verden skisporten.