• Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow
  • Activities Slideshow

summer time
Aktivitetar – Om sommaren

Når ein lang vinter omsider slepper taket, skjer det dramatiske ting i naturen. Skog og mark tek den grønne kåpa på. På bøen beiter husdyra, og ein isfri innsjø speglar lyset i alle fargar. Våren er ei vidunderleg årstid!

Om du søkjer gatetrengsel, shoppingstrøk og natteliv, er ikkje Morgedal staden. Dersom du heller vil bort frå akkurat dette, har du kome til den rette plassen. Her – i dei bratte skogkledde åsane med blinkande sjøar og vatn – finn du den naturen som du kanskje alltid har lengta etter. På merkte stigar eller terrengsykkel-ruter finn du vegen inn i villmarka der tida har ein annan rytme og der roen er til å ta og kjenne på.

iconfishing.gifFiske:

Det er fritt fiske i Morgedalstjønni, og det er godt med både aure og abbor. Du kan leige kano og robåt gratis. Det er berre å plukke opp ein nøkkel, årer og redningsvest i Norsk skieventyr. Om du vil gjera meir ut av fisketuren, gå og snakk med det vennlege vertskapet på Morgedal Camping. Her er ekspertisen som veit alt om fisking. Kanskje utstyrer dei deg med båt og let deg setje garn.

iconhiking.gifUt å gå:

I desse dagar opparbeider vi nye gangstigar og –ruter, så snart vil ein ivrig fotturist få mykje å velje på i Morgedal. Dersom du set pris på verkeleg villmark og rår med brattlende og røff natur, finst det alt fleire flotte turar å leggje ut på. Skieventyret hjelper gjerne til med turforslag og enkle kart.

iconcycling.gifTerrengsykling:

Du kan leige gode terrengsyklar på campingplassen. Gamlevegen i Morgedal er fin å sykle på, og her er mange spennande avstikkarar å gjera seg kjent med. Vi opparbeider nå nye sykkelvegar og håpar å kunne by på fleire merkte ruter framover. Fjell og hei står på dagsordenen så sant du vil utforske Vest-Telemark, så pass på å få trimma leggmusklane før du legg ut på tur. Turforslag og kart er å få på Skieventyret.



Add this page to your favorite Social Bookmarking websites
Digg! Reddit! Del.icio.us! Google! Facebook! StumbleUpon! Twitter!

Back to Morgedal Home

 

Multisport Morgedal
starter om: