|
 Norsk skieventyr
Når ein vil gjera seg kjent med Morgedal, er Norsk skieventyr det beste utgangspunktet. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom skihistoria – med særleg vekt på skirevolusjonen som starta i Morgedal i 1850-åra. Du kan utforske museet på eiga hand, men ein omvisar er å anbefale.
Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpet mot Sydpolen, om Noregs første skivoksfabrikk, gir deg soga om den olympiske elden – og til slutt: I stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!
I museet finn du også Innsvingen Kafé med ein spennande meny med rettar av lokale råvarer, og som gjerne fyrar opp steinomnen for å kunne by på velsmakande spesialitetar. Det store suvenirutsalet har eit breitt utval av særnorske handverksprodukt, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal. Gratis internett-teneste står til disposisjon for den som gjerne vil ha ein sjekk på korleis det står til heime.
Utanfor skieeventyret, ute i tjønnet, flammar framleis den olympiske elden. Elden blei tent første gongen her i Morgedal framfor Dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.
Frå skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og suge inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge. Omvisarar står til disposisjon for enkeltpersonar eller grupper som gjerne vil ha fleire detaljar og større innsikt i soga om Morgedal og dei personane som ”la låmi” for den moderne skisporten.
Velkommen til Norsk skieventyr – starten på eit innhaldsrikt besøk i Morgedal!
|