|

Skimaking
I Noreg og i andre delar av verden har ski vore eit transportmiddel gjennom fleire tusen år. Folk nytta skia når dei skulle på jakt og dei bruka skia når dei skulle arbeide. Skia var ofte tunge, dei hadde ulik fasong og skia var ofte festa til foten kunn med eit vidjeband eller ei lærreim over framre delen av foten.
Sondre Norheim, født i Morgedal i 1825, var ein ”frikar” på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar og artist, hadde han og den innovative eigenskapen til å utvikle skiutstyret. Ynskje om å meistre dei vanskelegaste uvyrdsløypene og hoppe dei lengste hoppi gjorde at Sondre utvikla ski og bindingar som er modell for dagens ski. Hælbinding og innsvingte ski vart laga av hans dyktige hendar. Dette var med på å legge grunnlaget til den moderne skisporten slik me kjenner den i dag.
I Morgedal kan du oppleve denne unike skimakartradisjonen slik den var for meir enn 150 år sidan. Terje og Tarjei i Morgedal SKI, produserar den originale telemarkskia lik den som Sondre laga og løypte på. Med desse skia på beina kan du teste deg sjølv i dei historiske løypene rundt omkring i Morgedal. Det finnest ikkje ein større skioppleving enn å stå på ski lik den modellen som revolusjonera skisporten og som utvikla ski til å bli ein idrett spreidt over heile verden.
Har du lyst til å lage dine eigne treski og sjølv skape til det særpreget som havet(tuppen på skia) til dei ulike skimakerane hadde, så har me kurs.
Kanskje ynskje ditt ikkje er å teste deg sjølv som Sondre men du heller vil ha eit skipar å henge på hytta eller i peistoga. Morgedal SKI har flotte ski som vil vera som eit lite kunstverk på veggen. Ynskjer du ski med eit eiget særpreg (Bilde alpinlandslaget) gjer me det i samråd med dykk.
Prisar på ski: Ask/furu 180 cm – 220 cm kr. 3000,- Pynteski 100 cm kr. 1500,- Ski med inngravering, pris etter avtale Kursopplegg: Kurspris kr. 3500,- inkl. ski og opplæring
Dag/kveld 1: - Innføring i skimakingens historie ca 30 min. - Innføring/demonstrasjon i skimaking ifrå emne til ferdig ski ca 1,5 - 2 t
Kursdeltakarane får no utdelt eit par med ski som er farga. (dette må gjerast på førehand for å spare inn tid). Delt. skal no gjere ferdig tuppen og lage sitt særpreg. Denne må fargeleggast og så turke til neste dag. Ca 2 t
Dag/kveld 2: - Lage pynterand på skia - Lage hol til binding - Vri vidjeband - Tilpasse vidjebandet til sine eigne sko
Testing av skia
Andre kursopplegg: Lengre kurs der ein gjeng gjennom prosessen meir nøye må avtalast på førehand og individuelt. For denne vinteren har me lyst til å prøve ut den korte varianten.
For more details, please contact: tarjei@morgedal.com or Phone: +47 05 42 50 / +47 47 45 05 33
|