Ordalsåta Opp

Velkomen til 10-årsjubileet for motbakkeløpet Ordalsåta Opp 18. juni 2017.

I år vil me markere at det er ti år sidan Morgedal IL starta opp med kanskje Telemarks flottaste motbakkeløp. Vi håpar på ny løpsrekord og det er                kr. 2 000 til raskaste kvinne eller mann som sett ny rekord til topps.

På toppen!
På toppen!

Ordalsåta Opp er eit bakkeløp i hjartet av Telemark som startar ved Nystaulvatnet 619 moh og har målgang på Ordalsåta 1137 moh. Ein flott tur i vakker natur og ikkje minst, kjempeutsikt frå Kviteseid kommune sitt nest høgaste fjell.

Knut Halvor Erikstein
Knut Halvor Erikstein

Påmelding kan du gjere her

For meir info kontakt Terje, e-post: terje.haugen@telefiber.no eller tlf. 45 40 79 95

Kristian Lauvik Gjelstad
Kristian Lauvik Gjelstad

Priser for deltaking

Påmelding fram til 16. juni kl. 23:00. Påmelding etter fristen, kr. 50,- i tillegg.

12 – 15 år: Kr 150,-
16 år – : kr 300,-
Jubileumsutgåve, ekstra lang frå 16 år: kr. 450,-

Det er kun til konkurranseklassene det er forhåndspåmelding. Turklassen har påmelding på løpsdagen. Medlemmer av MIL melder seg på til Terje.

AAnund Lid Byggland
Ånund Lid Byggland

Tid og stad

Start for Ordalsåta Opp er ved Nystaulvatnet, eit flott lite vatn som ligg øvst i bygda Ordal. Ved å fylgje E134 vestover frå Seljord eller austover frå Morgedal, kjem ein til Brunkeberg. Avkøyring frå E134 er ca 1 km aust for Brunkeberg, same avkøyring som er skilta til Renovest og Haugerød og Nilsen. Frå Haugerød og Nilsen køyrer ein kommunal veg gjennom bygda Ordal og fram til startområdet. (ca. 7,2 km)

Korleis finne fram
Korleis finne fram

Det er tre ulike løypelengder ein kan velje mellom, og i tillegg er det eigen trimklasse.

Løypekart
Løypekart

Start konkurranse er kl. 13.00, alle klasser.

Start  ekstra lang løype vil bli kl. 12.00. Ordalsåta Opp_lang løype

Trimklasse er frå kl. 11.00.

Aslak Fisketjønn
Aslak Fisketjønn

Løypa

Fyrste kilometeren er langs ein traktorveg opp til Grønli. Vidare går turen langs myrar, fjell og stiar. Ein må rekne med ein del blaute parti, spesielt ved mykje nedbør så det er viktig med gode fottøy.

Ved startområdet er det kiosk og sal av grillmat. Det er og mogeleg å bade i Nystaulvatnet.

På toppen
På toppen

Løpsinfo

LøpsinfoAlle har målgang på Ordalsåta 1137 moh, men det er tre ulike startpunkt.

Les meir løpsinfo

 

Resultatlister

ResultatlisterRekorden i lang løype er frå 2010, Kjell Christian Markseth løp på tida 27.35. Raskaste tid for kvinner er og frå 2010, rekorden har Ingjer Utistog Kleiv på 35.09.

Les resultatlister