Mountain Challenge

Dette er Multisport Morgedal hardaste konkurranse. Terrenget er til tider veldig bratt og røft, så her får du satt styrke og kondisjon på ei god prøve, men det er og mange flotte naturopplevingar.

Morgedal Mountain Challenge – Kajakk: 5 km / Terrengsykkel: 28  km / Terrengløp: 10 km

Kajakk

Dette kan vi med trygghet sei at dette er den kortaste etappen av løpet. Det finnest  mange flotte vatn  i Morgedal, men vi har valt å bruke Morgedalstjønni som ligg i sentrum, slik at det blir ein publikumsvennlig etappe til glede for både deltakerare og heiagjengar!

Dette vatnet er ikkje veldig stort, men sidan erfaring viser at kajakkøvinga er den etappen som deltakerane er minst fortruleg med, har vi valt å gjere denne etappen til den kortaste med god sikkerhetsoppfylging, slik at deltakarane kan få ein god start.

Starten skjer ved Morgedal camping, deltakarane skal sitte klare i kajakkane. Det padlast i en markert løype; over vatnet, rundt bøyer og tilbake til startområde. Det skal padlast to rundar, og distansen på padlinga er ca. 5 km.

Det ikkje er lov til å ligge i kjølevatnet til ein annen  kajakk.

Sikkerheit: Det er påbodet med redningsvest under kajakkpadlinga. Om  du faller i vatnet – prøv å holde deg fast i kajakken og padleåra – fylgjebåten kjem og hjelper så fort som mogeleg.

Kart padling Challenge
Kart padling Challenge

Sykkel

Denne etappen er ca. 28 km med variert terreng. Det blir grusvei, sti og asfalt. I løpet av denne etappen er det stadar der ein må bære sykkelen i korte periodar sidan steinar, myr og bratt terreng gjør det vanskeleg å halde seg på sykkelen. I tillegg skal det klatrast  mange høgdemeter i løpet av kort tid.

Dette vil derfor ikkje være en løype med mykje fart i, spesielt ikkje om det er våt skogbotn på konkurranse tidspunktet. Er dette tilfelle blir løypa veldig gjørmete og det anbefalast  å ha på seg eit par sykkelbriller, slik at man unngår gjørmesprut i augo.

All veksling, kajakk til sykkel og sykkel til løp, skjer på Morgedal camping.

Sikkerhet: Det anbefalast at du tar det rolig og syklar kontrollert på våte områder som våte steinar, røtar og våt mose/vekst på fjell.

Behald ein kontrollert fart ved utforkjøringar, og pass på at du lett kan klikke deg ut av pedalane om du brukar clip-ons. Det er fleire stadar der det kan vera behov for å sette ned beina.

Det er påbode med sykkelhjelm, samt bremser som fungerar både framme og bak.

Kart sykling Challenge
Kart sykling Challenge
Stigning sykkelkonkurransen Challenge
Stigning sykkelkonkurransen Challenge

Terrengløp

Løpeetappen er ca 10 km og skjer på historisk grunn. I desse bakkane la Sondre Norheim grunnlaget for den moderne skisporten for 150 år sidan. Turen går innom Øverbø – husmannsplassen der Sondre vart født, og tilbake til Morgedal camping før ei ny runde ut i terrenget og opptil Kasin, den fyrste staden Sondre rydda som vaksen mann.

Løpet skjer for det meste på grusveg og sti, men det er litt asfaltløping start- og målområdet.

Det er viktig å holde øya opne gjennom denne etappen ettersom løypa  er market med merkeband. Det er ikkje alltid ein skal fylgje den fyrste og beste stien……mange dyretråkk og tett skog kan lett forvirre om ein ikkje er obs på markeringen.

Sikkerhet: våte steinar, røtar, hol og myr er hindringar som krev at ein ekstra varsam når ein sett ned foten sin. Det krevjast god konsentrasjon slik at ein ikkje tråkker over og pådrar seg ankelskader. Bruk gode sko.

Kart løping Challenge
Kart løping Challenge
Bilde viser stigningsforholda for løpedelen av Challenge

Oppsummering

Mykje opp og ned, og med vått underlag i skogen – vil det i periodar bli hardt, ein må bite tennene saman, med det blir endå meir fantastisk å krysse mållinja!
Løpet går igjennom mange historiske og flotte stedar, så løft hovudet ein gang i mellom og nyt utsikten.

Vi er så heldige å ha grunneigerar som har gjeve oss lov til å bruke områda  denne dagen, så nokon stadar passerer løypa rett igjennom private tun. Ta omsyn til dette og hugs at ingen vegar er stengt og reservert for deltakarane, all anna trafikk vil gå som normalt.

Det er mange friviljuge som stiller opp og hjelper, og dei vil blant anna stå på ulike punkt rundt i løypa. Det vil vera vatn ved nokon av desse stasjonane, men planlegg eigen nødvendig proviant og ta dette med. Det er viktig å ikkje gå tom for energi og væske sidan løpet varer ca. 3- 4 timer.

Om du skulle skade deg eller ikkje kan gjennomføre løpet, så fortell det til næraste konkurrent slik at du kan få hjelp av han/ho – multisportere hjelper kvarandre! (og får tidsbonus), eller han/ho kan fortelje det til næraste assistent som kjem og hjelper.

Vi håper du får eit kjempe fint løp, hold deg trygg, og ha det gøy mens du utforskar Morgedals flotte terreng…..lykke til!