Morgedal Mini

Ei flott løype for dei minste, øvre aldersgrense er 11 år (året du fyller). Start og målgang er på Morgedal camping som resten av konkurransane.

Morgedal Mini – Sykkel 2,5 km, løping 1,5 km.

Det er fellesstart for alle og alle får lik premie. I tillegg får raskaste jente og gut ein ekstra premie.

Sykkel

Start og mål er på Morgedal camping. Starten skjer ved at ein må springe til syklane. Syklinga skjer på «gamleveg» i Morgedal med ein liten tur ut i terrenget når ein kjem til campingen. Løypa er godt merka, og det står vakter som passar på. Viktig å sykle på høgre side, og alle må bruke hjelm og sykkel som er i god teknisk stand.

Kart sykling Mini
Kart sykling Mini
Stigningsforhold sykkel Mini
Stigningsforhold sykkel Mini

Løping

Veksling frå sykkel til løping skjer ved startområdet på Morgedal camping. Her er det nokre enkle hindringar som må passerast før ein skal ut i terrenget og løpe ein rundtur tilbake til Morgedal camping.

Kart løping Mini
Kart løping Mini
Stigningsforhold løp Mini
Stigningsforhold løp Mini