Morgedal Classic

Denne løypa er fyrst og fremst designa med tanke på dei som har lyst til å prøve multisport for fyrste gang, for barn og ungdom eller for den som ynskjer å teste seg sjølv.

Morgedal Classic – 1.7 km padling – 8,5 km sykling – 3 km løp

Dette er ei kortare  løype, ofte nemnt som sprint for dei som er kjent med multisport frå  før. I denne løypa kan du enten spurte eller ta det med ro, det viktigaste er at du kjem og prøvar deg. Denne løypa er like bra for dei som starter individuelt som dei som stiller lag (ein kan vera  2 eller 3 deltakerar på eit lag).

Padling

Start og mål er på Morgedal camping. Det padlast tvers over vatnet, rundt bøyer  og tilbake til stranda på Morgedal camping. Her er vekslingsområdet til terrengsykling.

Det er påbode med redningsvest under padlinga. Padlinga skjer på eit forholdsvis lite vatn.  Det vil vera ein fylgjebåt på vatnet – sikkerheten er  høg slik at flest mogeleg skal kunne bli med på dette utan å vera bekymra om kajakken skulle kantre. Det er mogeleg å vera med på kajakktrening fredag kl. 19.00.  for dei som ynskjer instruksjon.

Kart padling classic
Kart padling classic

Sykling

Det meste av syklinga skjer på «gamlevegen» i Morgedal som er asfaltert, men det er også seksjonar med grusveg og sti. Det er med andre ord nødvendig med ein terrengsykkel  på sykkeletappen. Løypa skjer i eit lett kupera terreng, men det er ein stigning på grusveg samt en nedoverkøyring på ein sti. Dette er den einaste tekniske køyringa  under denne løypa, og nokon vil kanskje å trille sykkelen gjennom dette området.

Starten er på Morgedal camping og fyrste del av sykkeletappa er sørover til Morgedal Grendehus. Her snur ein og syklar tilbake og innom Morgedal camping før ein syklar den avsluttande runda nordvestover.

Sykkelhjelm og bremser som fungerer både framme og bak er påbode  under syklinga.

Kart sykling Classic
Kart sykling Classic
Bilde viser stigningsforholda for sykkel Classic
Bilde viser stigningsforholda for sykkel Classic

Løping

Løping etter padling og sykling er aldri heilt lett, så dette blir for mange den hardaste etappen. Fyrst er det ca. 1 km med asfalt til Norsk Skieventyr før du svingar inn på grusveg og vidare oppover mot det kommunale byggefeltet. Etter ca. 300 m svingar du inn i skogen og løper på sti tilbake til Morgedal camping.

Det er morosam løping her oppe, men du må være konsentrert slik at du unngår hindringer som røtar, steinar, glatt mose osv.
Vær obs på at løypa kan være veldig glatt om det har vore vått vær i forkant. Det anbefalast  å ha gode sko med godt feste til løpingen oppe i skogen.

Kart sykling Classic
Kart løping Classic
Stigningsforhold løping Classic
Stigningsforhold løping Classic

Oppsummering

Dette er en flott mogelegheit for fyrste gong  multisportere og det er ein konkurranse for folk flest som gje nok utfordring og spenning om man gjer alt.

Lykke til som ny multisporter, det kjem heilt sikkert til å bli ein morosam og erfaringsrik oppleving!