Konkurransereglar

Alle kan vera med, både store og små kan finne sin konkurranse som passar for sitt ambisjonsnivå. Det er tre ulike nivå som ein kan delta i, og ein kan stille individuelt eller som lag.

Reglar for Multisport Morgedal

  • Minimumsalder for Morgedal Classic er 12 år, og 16 år (Året du fyller) for The Mountain Challenge.
  • Laga må vera minimum 2 og maksimum 3 deltakerare.
  • Deltakerar som stiller individuelt kan ikkje konkurrere i begge løypene.
  • Syklane må være i god teknisk stand på den måte at dei tåler kupert terreng, og at dei er trygge å sykle på. Diskvalifikasjon kan skje på dette grunnlag.
  • Det er påbode med sykkelhjelm som sitter godt fastspent på hovudet gjennom sykkelløpet.
  • Alle trafikkregler og direksjonar frå  løpsvakter må fylgjast.
  • Godkjente redningsvestar skal brukast ved kajakkpadling.
  • Kajakkane skal være i god og flytende stand.
  • Det er forbode å ligge og flyte i kjølevantet til andre kajakkar.
  • Veksling mellom aktivitetane og i laget må skje i vekslingssonene.
  • Kjøretøy og andre trafikkantar har fyrsterett på vegen. Vegane /traséane vi bruker er ikkje stengt, all normal trafikk vil gå som vanleg. Du skal alltid sykle på høgre side av vegen, og sjå opp for biler!
  • Medisinsk personale har myndighet til å ta ut deltakerar frå løpet om dei vurderer det som medisinsk nødvendig.
  • Det er kvar enkelt deltakar sitt ansvar å kjenne løypa dei skal stille i.
  • Deltagere skal følge ruten som er lagt opp av arrangører.
  • Deltakerar må assistere andre deltakerar som er i vanskar. Gjer ein ikkje dette, kan ein bli diskvalifisert. Det blir gjevet tidsbonus for assistanse.
  • Arrangør har rett til å avlyse eller utsette løpet grunna værforhold.
  • Arrangørens vedtak  er gjeldande. Ingen diskusjonar eller klager vil bli vektlagt.
  • Deltakerar stiller på eigen risiko. Arrangør tar ikkje ansvar for eventuelle ulykker eller andre uheldige hendingari løpet av arrangementet.
  • Deltakerar under 18 år må ha foreldre/foresatt-underskrift på påmeldingsskjemaet.

Lykke til og ha det gøy!