Generell info

I multisport er det ikkje eit absolutt fokus på at alle disiplinane skal ha den same intensiteten, og dermed være «like», men det handlar om å tolke landskapet.

Multisport handlar om å bevege seg på ulike måtar i landskapet, finne ei løype som er variert og artig, og det krevjast at det er 2 eller fleire disipliner.

Sjå bilde frå 2016 her eller test denne linken her. 

sportzhub.com finnes det et bra sitat som summerer opp kva Multisport og adventure racing handlar om:

«It’s about nature – getting out there, gathering fitness and trying new ways to transport yourself through beautiful places, meeting fun, likeminded people while you are at it».

Kva om eg ikkje har kajakk eller aldri har prøvd å padle kajakk før?

Ikkje la det stoppe deg! Vi har designa løypene på ein slik måte at kajakk blir den minst krevjande øvinga. Dette har vi gjort med vilje slik at padlinga ikkje skal sette stopper for ein elles entusiastisk deltakar. Vi har elles trua på at padlinga vil gje eit ekstra spanande og utfordrande moment til deltakarane, og at nokon til og med får ein ny erfaring ved å konkurrere med padleårer i hendene for første gang.

Påmelding gjer du her

Praktisk informasjon

  • Arrangementet er laurdag 19. august 2017
  • Start og mål er på Morgedal Camping
  • Kajakk  vil skje på Morgedalstjønni som er eit lite og trygt vatn,  vi kjem også til å ha fylgjebåt med gode hjelperar standby.
  • Har du ikkje kajakk, kan du leige av oss for kr. 250,-.
  • Det er mogeleg for å trene litt på kajakkpadling på fredag. Ta kontakt med Hege Ravdal tlf. 41 57 07 78 før kl. 12.00 fredag 18. august for nærare avtale.
  • Dette er eit fint høve for å bli kjent med kajakken, og å oppdage kor moro det er!
  • Du kan velje mellom desse løypene, du finn meir info om løypene ved å klikke på dei ulike alternativa.
  • I 2017 blir det ny Challenge løype. Lengde og høgdemeter blir nesten lik som tidlegare utgåva, men vi ynskjer å gjere løypa meir publikumsvenleg. Det betyr at det blir fleire passeringar ved start- og målområdet som gjer det meir spanande for publikum. Morgedal Classic  og Morgedal Mini blir mykje lik som tidlegare, men då med start og mål på Morgedal camping.

Informasjon om klassene

1 – The Mountain Challenge: (førebels tal, vi må kvalitetssikre ny løype med GPS)  kajakk: 5 -6 km / terreng sykkel: 28  km / løp: 10 km

Dette er den lengste og hardaste konkurransen! Løypa er for individuelle som vil ha ein utfordring, og for lag som vil teste seg, sidan kvar øving  i seg sjølv er krevjande. Starten er på  Morgedalstjønni  med kajakk, deretter terrengsykling og løp i eit spanande terreng. Bratte bakker, grusvegar, skog og myr er stikkord for denne løypa. Kort sagt eit krevjande løp, også for dei som er i god form.

Deltakaravgift

Individuell: 400 kr.
Lag (maks. 3 deltakerar) 800 kr.

2 – Morgedal Classic: kajakk – 1,5 km / terreng sykkel -8,5 km / løp – 3 km

Ei kortare løype som skjer rundt Morgedalstjønni,  og som er ein introduksjon til multisport både som individuell deltakar eller som lag.  Kom og prøv multisport i denne løypa saman med venene dine, det einaste du risikerer er å ha det moro! Her vil det være masse engasjement frå publikum  som samlar seg rundt den olympiske eld for å ta i mot alle deltakarane.

Deltageravgift

Individuell: 250 kr.
Lag (maks. 3 deltakerar) 500 kr.

3 – Morgedal Mini: sykkel 2,5 km og løp 1,5 km

Dette er ei spesielt tilrettelagt løype for multisportspirer som har lyst til å prøve seg. I multisport har mange potensial  til å gjera det bra  sidan løypa har fleire forskjellige greiner, og er ein sport med variasjonar. Det er ingen kajakkøving og øvre aldersgrense er 12 år.

Deltakaravgift

50 kr per barn

Påmelding gjer du her

Kontakt oss på terje.haugen@telefiber.no, tlf. 45 40 79 95 for å få tilsendt fleire detaljer om løypene, kart, registreringsskjema og regler eller klikk deg vidare på vår nettside.

Lyst til fleire multisportkonkurransar? Sjekk  informasjon frå multisportnorge.no!